KRM
Events

Launch of art magazine

Gilka QTLY #8 by Geir Egil Bergjord

02. Sep 2021 KL. 18:00 - 19:00

In collaboration with the literature festival Jorddøgn we invite to a launch of the magazine Gilka QTLY #8 Agrikultur by Geir Egil Bergjord. During the launch there will be a conversation between the artist Geir Egil Bergjord and Peter Strassegger and Gudmund Edland from Jorddøgn. Director, department of art Stavanger art museum, Hanne Beate Ueland, will lead the talk.

Geir Egil Bergjord on Gilka QTLY #8 Agrikultur
:

Utsnitt av ulike driftsbygningar med linjer og flater skapt av påbygg og endringar i bygningsmassen, fotografert frå subjektiv vinkel med omkringliggande element som t.d. vegetasjon synleg i bildeflatene. Fordelt på oppslag gjennom magasinet, underbygger rekkjefølgja formale kvalitetar – som om bygningane er basert på ein gjennomgåande felles «konstruktivistisk» idé.

Gilka QTLY vart lansert i september 2018. Den overordna tematikken for magasinet er bruk av fotografi og bildekultur. Kvar utgåve har ein eigen innfallsvinkel eller eit gjennomgripande tema. Intensjonen med prosjektet er å opne opp for diskusjon rundt fotografiet som medium, samt utfordre formatet for formidling av kunst.

Gilka QTLY #8 er inspirert av landevegskøyring i Rogaland. Utgåva er delfinansiert av Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Stavanger kommune og Norsk Fotografisk Fond. Magasinet er trykka i Stavanger av Gunnarshaug trykkeri AS og blir lansert i samarbeid med Stavanger kunstmuseum og litteraturfestivalen Jorddøgn. Av eit opplag på 500 blir 300 eksemplar distribuert til Narvesen i Noreg og til Pressbyrån i Sverige.

Format: 210 x 278 mm.

Sideantal: 64.